Bjørgvin bispedømme

Frimodig Kirke – et nettverk for bekjennelse, disippelskap og fornyelse i Den norske kirke.


Undervisningsdag 2022 i Bergen

Påmelding her: https://no.surveymonkey.com/r/GNVZGWW

Tid: måndag 14. november kl. 10-15.

Stad: Åsane kyrkje, nordre bydel av Bergen

Program

10.00-10.15: Velkomen og songinnslag ved Ove I.B. Danielsen

10.15-11.30: Joar Haga og Knut Alfsvåg om «Bibelen som kjelde og dommar – nokre lutherske grunntrekk».

11.30-12.30: Lunsj & prat

12.30-12.35: Inspirasjonsglimt frå ein lokal kyrkjelyd (film)

12.35-12.45: Orientering om kyrkjevalet 2023 v. Egil Morland

12.45-14.15: Sofie Braut om «Tid for tillitsteologi – bibelbegeistring som motgift for motløyse og kur for kynisme»

14.15-15.00: Enkel gudsteneste med nattverd, v. Arne Mulen, Harald P. Fylling og Eivind Kausland Lie.

Alle interesserte er velkomne til å melda seg på .

Ta kontakt med norunn.markhus@gmail.com eller arvekjellu@gmail.com viss du har spørsmål om Undervisningsdagen.

Joar Haga er førsteamanuensis i teologi ved VID vitenskapelige høgskole i Stavanger. Haga har m.a. gitt ut boka Kunsten å tale til nordmenn – en håndbok, saman med Bård Eirik Hallesby Norheim (2021).

Sofie Braut var tidlegare lektor ved Tryggheim vidaregåande skule og er no prosjektleiar for trusforsvarsatsinga «Grill ein kristen» i Noregs kristelege student- og skuleungdomslag (Laget). Braut er ein profilert debattant, ikkje minst i den kristne dagspressa, og har tidlegare site i Kyrkjemøtet.

Knut Alfsvåg er professor i teologi ved VID vitenskapelige høgskole i Stavanger. Alfsvåg forskar innanfor teologi og idéhistorie og har skrive ei rekkje artiklar og bøker, både faglege og meir populærvitskaplege. Gav m.a. ut boka Bibelen uten filter: Bibelforståelse, kirke og kjønn i 2020.

Arbeidsgruppa for Frimodig kyrkje i Bjørgvin består av:

Norunn R. Markhus, Fusa
Magni Åm Risa, Balestrand
Per Hjemdal, Etne
Arve Kjell Uthaug, Frekhaug