Kronikk i Dagen, 30.03.2017

Slik held parodien fram, i kyrkjelyd etter kyrkjelyd, der både vanlege folk og media til nød har fått med seg at det er lov å «reservere» seg mot den nye læra. Dei har slett ikkje forstått at lærene er «likeverdige».

Sist veke trykte Dagen eit innlegg frå advokat Johan Haga. Det handla om soknemøtet sitt mynde til å ta (nye) liturgiar i bruk – eller til ikkje å gjera det.

Dette er det viktigaste innlegget avisa har hatt på svært lenge. Det bør klippast ut og spreiast. I Eiken i Agder har dei sjøvsagt teke vare på det. For dei har fått høyra frå biskopar og Kyrkjeråd at fordi Kyrkjemøtet no har det myndet som Kongen tidlegare hadde (§ 16 i Gr.l.), så kan det også hindra soknemøtet og lokale kyrkjelydar i å seia nei til den nye liturgien.

For det er ei sak berre for presteskapet, må vite. I prestane si tenesteordning står det nemleg noko om deira ansvar for gudstenestelege ordningar.

Men tenesteordningar står ikkje over lova. Ingen protesterer på at Kyrkjemøtet har mynde tilå vedta slike liturgiar. Men i Kyrkjelova heiter det at soknemøtet skal ta stilling til innføring avnye liturgiar.

Kyrkjerådet og dette rådet sin stab gjer noko veldig dumt når dei hevdar at kyrkjelydane måhalda fingrane frå fatet, eller ter seg overberande når desse kyrkjelydane trur dei har sliktmynde – slik eg las biskopen i Nord-Hålogaland sin kommentar til soknerådet i Kautokeinositt vedtak. For sokneråda var sjølvstendige rettssubjekt lenge før det vart oppretta eitnasjonalt rettssubjekt (2017). Kyrkjemøtet kjem til å streva mykje med å finna balansenmellom det lokale og det nasjonale på dette området. Fordelinga av mynde må nemleg skjeutan at det eine organet vert overordna dei mange. I så fall er vi på full fart bort frå einluthersk tankegang om kyrkjeordninga. Avgjerda på dette området ligg enno nokre år fram itid. Men det kjem ikkje på tale å endra Kyrkjelova før Stortinget har vedteke ei religionslov,der Den norske kyrkja også, truleg, vil ha sin del (jfr. formuleringar i ny § 16 i Gr.l.

Eg vil med dette oppmoda alle kyrkjelydar, særleg der kyrkjefolket kjenner seg uroa over åha prestar som støttar den nye ekteskapslæra, til å gje fråsegner om at dei ikkje helsardenne læra velkomen hos seg. Skulle presten neglisjera eit slikt vedtak, så veit vedkomandelikevel «kor landet ligg». Og skulle eit slikt framlegg ikkje bli vedteke, ja, så veit kyrkjelydenfor sin del også «kor landet ligg».

Eg kjenner ein og annan biskop som vil lesa det eg skriv her som eit forsøk på å skapa uro.For dei har satsa på at alt skal gå roleg og harmonisk for seg, etter at Kyrkjemøtet gjorde eitvedtak dei var i mot, men likevel røysta før. Lat meg forsikra om at det er det motsette somligg meg på hjarta. For no er uroa så stor og tålmodet så tynnslite mange stader, at det måfinnast ein ventil som kan lufta uroa!

Sist helg tala eg i ei stor bedehusforsamling. Fleire eg snakka med hadde alt meldt seg ut avkyrkja. Avisene har ikkje skrive om det, for desse folka er ikkje kjendisar. Dessutan er deiikkje så mange at ikkje eit konfirmantjubileum, ei kyrkjebok eller nokre dåpsfamiliar kankamuflera kva dette tyder. Men det merkast i samfunnet av dei heilage, dei som trufast kjemsaman i tru og tilbeding!

I eit sympatisk intervju i Ekko (NRK 2) med sokneprest Helge Standal i Sykkylven nyleg,kom det fram at han ikkje eingong får gå av i fred og ro, når han no vil slutta som prest. Fordet er grunngjevinga hans som provoserer. For sin del finn han ikkje å kunna tena i ei kyrkjesom held seg med to diametralt motsette lærer om ekteskapet. Han skulle jo fått ros forlogikken, om ikkje for konsekvensen han dreg! Men nei. Grunngjevinga hans har ført til uro ikonfirmantflokken (ja, tru det?), slik at biskopen – som altså er samd med han i sak – spørom han kan tenkja seg å slutta litt tidlegare, før konfirmasjonen. For her er det jo «naturleg»å tenkja tre månaders oppseiing…

Slik held parodien fram, i kyrkjelyd etter kyrkjelyd, der både vanlege folk og media til nød harfått med seg at det er lov å «reservere» seg mot den nye læra. Dei har slett ikkje forstått atlærene er «likeverdige». For akkurat som i kyrkjevalet er dei som uttrykkjer seg i halar påFacebook ei utømeleg kjelde til å gjera livet utriveleg for forstokka prestar. Biskopenoppmodar prestane til å ha «tillit til KM-vedtaket». Den oppmodinga tek kaka! Kvifor skulle viha tillit til eit vedtak no , når vi aldri har hatt det før, men tvert om åtvara om at dét ville skjesom no skjer?! Og kvifor skal vi ha tillit til eit vedtak der desse biskopane sjølve har fåttskrive inn at dei er imot det?

Vi har nett feira Maria bodskapsdag, Marimesse. Det var denne dagen prestane underkrigen valde til å vitna mot staten sine planar om å gje alle born og unge oppseding i detnasjonalsosialistiske livssynet. Kvifor? Slik grunngav dei det: «Det er i dag Maria Budskapsdag, søndagen som minner oss om at Maria var utvalgt av Gud til å bli Jesu mor, unnfangeham ved den høyestes kraft og føde ham til verden. Til enkle og jevne foreldre betrodde Gudsin egen sønn av evighet og lot dem for barnet Jesus være i Guds sted. Også heri ser visom kristne en stadfestelse av at grunnforholdet mellom foreldre og barn er en Gudsskaperordning, et gudbestemt forhold som består ubrytelig og hellig for alle hjem.»

Kyrkja lærer ikkje lenger at dette er ei skaparordning. For du tullar ikkje medskaparordningar, like lite som du tullar med naturlovene. Trur du som kyrkja trudde i 1942,kan du ikkje tru som Kyrkjemøtet i 2017. Derfor må prestar som stiller seg bak den nye læra,slik ein av dei faktisk uttrykte det då han vart utfordra: – Nei, kjønnspolariteten inngår ikkje imi forståing av kva eit ekteskap er.

Difor er det meir sakssvarande, ja, ærleg, å seia at dei to lærene gjensidig utelukkarkvarandre, enn å seia at dei er likeverdige. Det første er sant. Det andre er løgn.

Respekt! – skriv dei unge når dei vil gje honnør. Eg nyttar gjerne same ordet: Ha respekt forat orda må uttrykkja ei meining . Det gjer dei ikkje i vår teologiske ny-tale.
Og det vil vi alle få lida for.

Egil Morland
varamedlem til Kyrkjemøtet, tidlegare medlem av Kyrkjerådet
20.03.2017