Av Sofie Braut

I vinterferien laga eg meg ei lese-krå i eit loftsrom heime hos foreldra mine i Suldal. Der hadde eg eit godt retrett-rom midt i herleg intense familieferiedagar. Eg irriterte meg berre litt over at vinduga der oppe under mønet var så lite. Det ga meg svært så avgrensa utsikt. Eg fekk lite utsikt over det vakre landskapet utanfor. Desse dagane gjekk det gradvis opp for meg: kor ufatteleg mykje viktigare er det med det lyset som kjem inn dette vesle vindauget! Det gir lys til heile rommet eg sit i, sjølv om mi utsikt er på langt nær er fullkomen. Vi kan streva for å få ei ideell utsikt i tider som dette. Men heile tida vert det avgjerande punktet at vi slepper det store lyset inn over oss.

Takk for at eg får koma hit til Storsalen på stiftingsmøtet til Frimodig kyrkje for å dela nokre tankar!

Artikkelen min, «Rolig no» (vl/verdidebatt.no) vart skriven ferdig på hotellrommet i Trondheim under årets Kyrkjemøte (KM). Dette var krevjande dagar, der ein verkeleg får kjenna noko av realiteten bak den spesielle situasjonen DNK har hamna i. Det eg kjenner er følgjande:

Det er ikkje berre å finna fram til politikaren i seg og «ta seg saman, erkjenna nederlaget og gå vidare. «keep calm and carry on» er sikkert eit velmeint råd, men her strekk det ikkje til. «Carry on» er ikkje nok når kallet er «to carry the cross». Då må ein stoppa opp. Venta. Finna navigeringspunkta som eigentleg skulle gi kursen vår. Dei finn vi i Guds ord. Og dette Ordet viser oss vegen til Kristus, som er Ordet. Han ber oss framleis om å venda om. Den som har ordet mitt og som tek vare på det…

Det vert snakka om forsoning, også på KM . Forsoning er eit fint ord. Men forsoning utan oppgjer, med eit ope sår, er det mogleg? Kanskje det er betre å finna att teneste og tru midt i det som ikkje kan forsonast, men der ein likevel kan vera eit vitne, eit uromoment som unndreg seg både teieplikta og tilpassingskravet og rett og slett vert verande? Dette er spørsmål vi bør ta oss tid til å stilla og å leva med ei tid. Kanskje lenge. Vi gjer vel i å minnast at kristne over heile verda lever under mange slags kår og med mange slags utfordringar. Når vi opplever at vår eiga kyrkje ikkje vil forankra læra i Bibelen, må vi først og fremst la vera å bli dominerte av forferdelse og forargelse. Vi byggjer ikkje fellesskap av forferdelse og forargelse. Vi må på nytt bli drivne inn mot og dominerte av ordet og bøna.

Spørsmåla eg er oppteken av er om det er råd å finna ein veg midt i dette landskapet. Eg er ikkje utan vidare villig til å gje opp den kyrkja eg er døypt i, som eg har gifta meg i, som barna mine har lært å kjenna som ein åndeleg heim. Eg meiner det er verdt å utforska om det er realitet bak orda om at klassisk kristendom framleis skal kunna formidlast i DNK. Men det vert ikkje prøvd ut gjennom å vera «stille og snill», eller sitja rolig i båten og håpa på smule farvatn framover. Då kunne vi like godt ha stemt for den nye liturgien, alle saman. Legg gjerne merke til kor fort eit krav om «innestemme» kjem. Litt umerkeleg kan ein kjenna på at all alminneleg omtale av Jesu ord om ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne, brått vert ein type konservativ aktivisme. Men det er det altså ikkje. Det må ein frimodig påpeika.

I går var eg med på vigsling av den nye Stavanger-biskopen. To av uttrykka som vart brukte om kva som bør prega ein tilsynsmann, var sindighet og årvåkenhet. Det er eit godt ordpar til oss alle. Det er eit godt ordpar for tider som desse. Vedtaka på KM 16 og 17, er ledd i ei utvikling vi har kunna lesa av ei tid. Dei er mellom anna resultat av at menneske er for lite sindige; for ivrige etter å reformera og gje etter for ytre press.

Som eg har sagt før, er det liturgien si manglande forankring i Bibelen som bør vera ein hovudgrunn til å uroa seg. Vi kan ikkje bygga fornying på forarging. Dersom vi ønskjer fornying må vi starta med det som skaper fornying, og det er no som før, eit nært og levande forhold til Guds Ord. Det er to posisjonar som særleg forundrar meg når det gjeld dette med forholdet til Guds Ord.

  1. «Trist at det står slik i Bibelen, skulle ønskje det var annleis, men dessverre var det ikkje eg som skreiv dette, og no må eg nok akseptera det som står her…»
  2. «Jo flott dette, med eit skriftord og bøn, og ja, vi må arbeida for ein Bibelvekkelse, men kva skal vi eigentleg gjera no… no må vi tenka strategisk, no må vi …»

(litt karikert- men kanskje nokon kjenner seg att? Eg har sjølv vore innom begge)

Ingen av desse posisjonane er verkeleg frimodige på Bibelens vegner. Å be om at vi må få fornya syn for Ordet er avgjerande. Vi treng å koma til Ordet. Då oppdagar og erkjenner vi ganske snart, som ein klok kar sa på ei samling eg nylig var på: Bibelen treng ikkje gjerast relevant, Bibelen er relevant.

Men ein ting er kva vi les, og kva vi ser. Korleis skal vi så forhalda oss?

Å akseptera ting som dei er, er tvitydig. Det kan anten vera eit uttrykk for stor sinnsro men også for direkte uansvarlegheit. Det kjem sjølvsagt an på situasjonen. Opplever eg ei ulukke, bør eg føreta meg noko, også om eg ikkje kjenner skadeomfanget, eller har full oversikt over situasjonen. Slik opplever eg det no. Det er uoversiktleg, det landskapet vi no er i i DNK. Vi har eit vedtak som er vanskeleg å sjå føre seg som praktiske realitetar, mest av alt fordi det har som kjerne eit pussig paradoks. Det er rett og slett ikkje så enkelt å begripa at ein i ei kyrkje på same tid skal kunna forkynna i tråd med to lærer som går på tvers av kvarandre. Så eit par tankar om det å forhalda seg.

Frimodig kyrkje. Namnet forpliktar. Skal dette nettverket vera meir enn eit nettverk, kanskje eit kraftverk til og med, då kan vi gjerne læra noko av Josef. Josef fekk visjonane sine frå Gud. Så veldig strategisk var han kanskje ikkje, det har eg tenkt mange gonger i møte med denne historia. Josef-oppskrifta kan verka enkel, men er djup. Det Gud hadde minna han om, det bar han vidare. På grunn av dette vart han upopulær i søskenflokken. Likevel insisterte på å dela det igjen. Brørne var mildt sagt lite imponerte. Men han var likevel lydig. På eit tidspunkt gjekk han, symboltungt nok, med mat til brørne sine. Det var ikkje særskilt trygt, og det gjekk ikkje så bra, kan me vel seia. På kort sikt gjekk det dårleg.

Men Josef bar ikkje nag og han gav ikkje opp brørne sine. Han heldt seg til dette: det han vart minna om, det gjekk han vidare med. Han var djupt forplikta på å berre dela det Gud hadde minna han om. Han var frimodig, sjølv om det kosta. Så kan me for så vidt seia at historia om Josef hadde ein happy ending, etter mange slags prøvingar. Det enda i ei verkeleg forsoning, der Josef ikkje var bitter, men tvert i mot klar til å spela ei nøkkelrolle.

Eg veit ikkje kva som trengst i tider som dette. Det føresviv meg at Josef-metoden kan lesast av som årvåkenhet, lydighet, sindighet. Om orda kan verka noko gamalmodige, er noko av det vi verkeleg treng å sjå etter og be om—også for vår tid.

Som førebilete på Jesus, står Josef i ei særstilling. Teksten om han kan verka som eit soloportrett av ein helt. Men heller ikkje Josef sto åleine. Han fekk hjelp, og han søkte fellesskap. Ei av dei viktige linjene djupt i teksten er jo at Josef gjekk svært langt for å forsonast med familien sin. Men at det tok tid? Ja. At dei var på ulike stader? Ja. At det kosta? Ja. At det kravde eit verkeleg oppgjer og omvending? Ja.

Eit siste poeng. Vi lever i det uoversiktlege og uavklara. Eg tek meg sjølv i å klaga over manglande over- og utsikt, slik eg gjorde på loftsrommet heime i Suldal. Eg skulle ønskt eg såg vidare og såg breiare. Heile biletet, det skulle vi så gjerne likt å ha. Men menneske-formatet er avgrensa. Om utsikten er avgrensa, kan vi likevel la lyset utanfrå lysa opp rommet vårt. Slik ser vi også kvarandre og kan finna kraft i at vi er saman i dette rommet.

20.03.2017