Av Sofie Braut
Vårt Land, 20.05.2017

Å «køyra sitt eige løp lokalt» er etter kvart blitt ein vel ­innarbeidd praksis i Den norske kyrkja. Sjå berre på biskopane.

Når det vert turbulens på grasrota i ein stor organisasjon som den norske kyrkja, dukkar det fort opp nokre dilemma. I kva grad skal lokalt engasjement og intern «sivil ulydighet» tolererast som eit uttrykk for ein livskraftig organisasjon med medlemmer som kjenner på eit sterkt eigarskap og ansvar for utviklinga?

Når det i det siste har vore opprør i ­nokre kyrkjelydar mot å innføra ny vigselsliturgi, har saka knytt til den nye ­liturgien teke ei ny vending. Spørsmålet om kva grad av sjølvråderett soknet har innanfor strukturen i Den norske kyrkja har fått fornya aktualitet.

Eige løp

Det er ingen tvil om at det å «køyra sitt eige løp lokalt» etter kvart er ein vel innarbeidd praksis i Den norske kyrkja (Dnk), og har til dømes blitt brukt fleire gonger for å bana vegen for den nye ekteskapslæra.

Vi ser jo faktisk også noko av det same mønsteret på bispenivå, no sist i samband med saka om sambuarskap for tilsette i vigsla stillingar. Her gjekk preses først ut med det som er kyrkja sitt syn, men ­etter berre kort tid får vi ulike versjonar frå andre biskopar. I lys av dette er det ikkje så overraskande at ikkje alle straks er på geledd etter det svært teologisk kontroversielle vedtaket frå Kyrkjemøtet tidlegare i år.

Tilslørande

Likevel kan ein tenkja seg at sporet med å prøva å fastsetja slik lokal sjølvråderett gjennom tolking av lovparagrafar både vil verta tidkrevjande, dyrt og skapa mindre motivasjon og glede blant alle som er involverte. På sikt kan det kanskje også koma til å tilsløra noko av det som verkeleg er problemet med vedtaket om «to likestilte syn» i ekteskapslæra.

For det eigentleg opprivande momentet ved etableringa av to motsette, men «likeverdige» syn i ekteskapssaka, ligg sjølvsagt ikkje i det organisatoriske. For å akseptera konsensusvedtaket må ein vera ein så hardbarka pragmatikar at ein faktisk legg vekk tanken om at alle liturgiar i Dnk skal vera forankra i bibelord. Det eine av dei to likestilte syna meiner faktisk at det andre synet inneber å gjera noko som er mot Guds skaparorden og Bibelens ord, til ein del av ei heilag handling. I dette ligg det, for den som tek seg tid til å tenkja etter, eit alvor som ein er nøydd for å respektera, uansett kva syn ein elles måtte ha.

Akkord

Det er dette alvoret som kjem til uttrykk når ein ser tendensar til opprør nokre stader på grasrota i Dnk. Folk leitar etter nye måtar å påpeika at vedtaket, slik det føreligg, inneber eit gedigent paradoks og for mange uløyste dilemma. Det er dessutan på lokalplanet folk kjenner skoen trykka i Dnk– både når lokalpressa krev at prestar står skulerett fordi dei refererer til bibelord om ekteskap mellom mann og kvinne, og når folk opplever å måtta gå på akkord med eiga overtyding – i einskapens namn.

Sjølv den mest eminente retorikar kan ikkje formulera seg vekk frå det som riv opp og splittar. Einskap er ikkje berre eit vedtak ein får til på toppen i ein organisasjon. I politikken kallar vi gjerne grasrotopprør og lokale protestar for kaos og bråk – samstundes med ei klar forståing av at dette er ein viktig del av eit velfungerande system, dette er også ein del av den demokratiske prosessen. Sjølv om eit vedtak frå leiarhald og mellom analytikarar går for å vera samlande og genialt, er det til sjuande og sist korleis det fungerer i praksis som avgjer.

Splitting som effekt

På eit overordna nivå, melder det seg nye spørsmål som gjeld valkyrkjelydar og kva fleksibilitet som kan finnast innanfor kyrkjestrukturen.

For kort tid sidan kunne vi her i avisa lesa om den danske kyrkjeforskaren Hans Raun Iversen, som åtvara mot å danna valkyrkjelydar i Noreg. I følgje han verkar slike nyetableringar nemleg splittande. For mange, inkludert underteikna, vert slik ein analyse på grensa til komisk.

Her blandar nok den gode forskaren noko så grunnleggjande som årsak og verknad. Å leggja til rette for meir fleksible ordningar som liknar valkyrkjelydane i Danmark er ikkje det som forårsakar eventuell splitting, det vil eventuelt vera ein effekt av eit vedtak som for mange i Den norske kyrkja verkar uklart på det som er aller viktigast: nemleg kva plass Bibelen har som autoritet og premissleverandør for det vi driv med i kyrkja.

Å skapa ein fleksibel struktur i Dnk kan kanskje vera med på å gjera det mogleg for fleire å vera med vidare. Korleis dette skal sjå ut, er for tidleg å heilt ha oversikt over. Ein ting er sikker: Å praktisera prøyssardisiplin ovanfor sokna er ikkje vegen å gå for å sikra den vidare einskapen.