Kjære søsken i Kristus og medarbeidarar for evangeliet!

Eg vil innleie denne dagen med nokre ord frå Paulus sitt siste brev. Han har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua. Fokuset hans i dødens venterom er Timoteus sitt mismod og ei påminning om det heilage kallet. Dette blei sjølve testamentet til den som Paulus rekna som den ektefødde son sin i trua: 2 Tim. 1, 6-14.

Det har slått meg veldig ofte denne tida kor treffande Paulus summerer opp i tre ord akkurat det vi treng inn i våre liv og i vår teneste i ein situasjon der mismotet stadig står i døropninga. Guds alternativ er dette: Kraft (dynamis), kjærleik (agape) og visdom (sofronismos), sjølve teikna på Den heilage ande. Vi må be om at Anden gir oss kraft til å kjempe dei nødvendige kampane for evangeliet, kjærleik til Gud og menneske og visdom til å forstå og bruke Guds ord og handle rett i ein krevjande kyrkjeleg situasjon.

Det er fasinerande å sjå korleis Paulus komponerer dette avsnittet, der han opnar og sluttar med å minne om Andens fornying, korleis han innanfor der understrekar tenesta sitt frimod, men i sentrum av heile avsnittet ligg kjelda for det heilage kallet, sjølve evangeliet.

Vi må aldri miste dette av syne for sinn og tanke. Gud har makt til å føre sitt folk og si sak under alle forhold. Vårt privilegium er at vi får vere med i det han gjer. For lutherske kristne er der inga primær sak som heiter kamp for eit organisert uttrykk for Jesu kyrkje. Der er berre ein primær kamp, og den handlar om at evangeliet skal finne plass i menneske, generasjonar og folkeslag og at Jesus skal ta skapnad –«vinne skikkelse» – i våre liv. Det skjer når vi følgjer Han slik sauene følgjer den gode gjetaren, i overgitt tillit. Der og då står Guds kyrkje fram i verda, og i det ligg vårt kall til teneste. Det må vi minne kvarandre om – til kraft, kjærleik og visdom – når dei etablerte strukturane sviktar tilliten til den åndelege berekrafta i Guds ord og slik ristar i det ytre rammeverket vårt.

Vi tenker om denne dagen at vi er med på noko historisk. «Frimodig kyrkje», om eg får nytte ein nynorsk variant av namnet, har potensial i seg og tar mål av seg til å bli eit berekraftig fellesskap som er nødvendig no når Den norske kyrkja sine styringsstrukturar har svikta den apostolisk overleverte trua. For nokon her inne er dette ikkje berre noko som kan vere nyttig. Dette må lykkast for å sikre eit rammeverk av pastoralt tilsyn og oppfølging. Dette må lykkast for å sikre seg fridom til å etablere lokale forsamlingar og ha styringsrett med større valfridom enn det som har vore kulturen i Dnk. Dette gjeld både fleire valkyrkjelydar og større respekt for dei lokale sokna sin rett til lokal sjølvbestemming. Eit konkret eksempel er det som kyrkjelovgjevinga tilkjenner soknemøta som mandat; å fastsette kva liturgiar som skal brukast lokalt og ikkje.

Vi har lagt vekt på at FK ikkje skal vere eit kyrkjepolitisk kampnettverk. FK har ikkje posisjonering til kyrkjeval som mål. Vi treng eit heilt anna utgangspunkt. Så får det vere opp til nettverket å drøfte undervegs i kva grad ein vil spreie seg ut frå det som er kjerneverksemda. Kjernen er summert i sentrale ord som vedkjenning, fornying og utrusting, disippelskap og fellesskap.

Vi er overtydd om at det vedtaket som er fatta om å endre ekteskapsteologien i Den norske kyrkja er eit spørsmål som går djupt i trua sine spørsmål, og som derfor allereie har vist seg djupt splittande både lokalt og i kyrkja som heilskap. Det handlar om reformasjonens kjernespørsmål. For det første handlar det om forholdet vårt til Skrifta aleine som autoritet for trua og kyrkja i eit spørsmål der Bibelen er eintydig både etter teksta si og slik den er forstått universelt i heile kyrkja si historie. Den postmoderne hermeneutikken krev at lesarens livserfaring og kontekst kan bestemme at teksten betyr noko anna enn den seier. Dette er i djup konflikt med den tilliten til Guds openberring som trua bygger på.

Så handlar det om lov og evangelium. Skal forkynning og sjelesorg kalle til omvending frå synd og til eit liv i heilag etterfølging i samsvar med Skrifta, eller skal Guds bod og vilje tilpassast eit folkekyrkjeleg ønske om ikkje å støyte mot dei allmenne verdiane i eit etterkristent folk?

Til sist handlar ekteskapsspørsmålet om sjølve skaparordninga mellom mann og kvinne, og bandet mellom mor, far og barn, slik det er lagt fram i Bibelen, erkjent i den naturlege openberringa og stadfesta i Katekisma, eit av vedkjenningsskriftene våre.

Dei par siste åra har eg hatt privilegiet av å ha kontakt med svært mange i kyrkjelege roller rundt om i landet. Mange opplever ei framandgjering og gjennom det eit indre oppbrot frå den kyrkjelege samanhengen som dei har identifisert seg med. Finns det nokon veg vidare i dette? Vi som har arbeidd med stiftinga av FK har ei rimeleg samla forståing av at FK ikkje primært skal vere til for å kjempe for Dnk som organisasjon. Derimot skal nettverket vere eit fellesskap som på tvers av ulike kyrkjeleg bakgrunnar vil skape frimod for evangeliet, støtte i kyrkjelege utfordringar og halde kvarandre bibelsk ansvarleg i tru og teneste. FK vil utruste dei heilage til frimodig teneste og slik bygge opp Kristi kropp.

Frimod er blitt eit kjerneord. Svært mange av oss som er her – og vi representerer ti-tusenvis av aktive, vedkjennande kristne utover i landet – har kjent på mismod. Det er ikkje frå Gud. Derfor treng vi å be for kvarandre og sette mot i kvarandre så vi tenker og handlar ut frå frimodet i evangeliet. Sjølv om mange her inne ikkje vil prioritere å stå opp i ein kyrkjepolitisk kamp for Dnk, kallar Jesus oss til å stille opp for kvarandre og gi Andens utrustning til alle gode krefter som blir på sin post i Dnk.

Mange, også nokon av dykk her inne, har sagt til meg at vedtaket i kyrkjemøta i fjor og i år sette dykk på eit val. Dette valet handlar om disippelskapets integritet i liv og teneste. Enten måtte de tre ut av tenesta i ei kyrkje som har svikta sanninga, eller de måtte for dykkar integritets skuld trå fram frå skuggane og bli synlege og tydeleggjere kva basis de gjer teneste ut frå. Eg tolkar oppslutninga som vi har fått så langt, som at det er mange som vil satse på ein større grad av frimodig etterfølging. Det står seg overfor Gud. Så får det bere eller breste overfor menneske og kyrkjelege autoritetar.

Dersom vi skal få til dette, må vi jobbe med teologisk utrusting. Kva måte det kan skje på framover, må styret sjå vidare på, men vi har så langt sikta mot ei årleg samling nasjonalt der det skal vere vekt på teologisk fordjuping, og vi har tenkt at styret burde vurdere å sette ned ei fagteologisk kompetansegruppe som jobbar i og for nettverket.

«Av seg sjølv – ‘automate’ – ber jorda grøde,» lærer Jesus oss om krafta i Guds rike. Det er løftet som all vår teneste alltid kan kvile i. I naturen veit vi at dette ikkje er den einaste sanninga. Også nedbrytinga av liv går av seg sjølv.

Mi personlege overtyding og erfaring ut frå mange samtalar er at tilpassinga til den nye læra også skjer tilsvarande «automatisk» – av seg sjølv – om vi ikkje er bevisst på å stå opp mot den og mot presset til ein falsk fred og ro. Dette kan vi ikkje stå opp mot utan å bygge sterke fellesskap for tru, liv og teneste. Eg er overtydd om at vi må sjå kvarandre, sette mot i kvarandre og halde kvarandre ansvarlege. Elles er der ingen veg utanom ei tilpassing som kan vise seg å måtte ofre sjølve evangeliet på folkekyrkjeideologiens altar.

Drivkrafta mi, om eg kan vere personleg og litt spissformulert, er ikkje å kjempe for at fok skal bli i Dnk. Drivkrafta mi er at alle som blir, skal kunne puste, leve og tene i eit rammeverk av eit fornyande og forpliktande fellesskap der vi er til for kvarandre. Dette treng vi å gjere i eit mangfald der vi kan gjere kvarandre rikare. Det vi har med oss frå folkekyrkjebakgrunn og misjonsbakgrunn, frå karismatisk og liturgisk fornying, frå åndeleg kontemplasjon og engasjement frå skaparverk og rettferdig forvalting, er alt saman med å gi ein fylde av rikdom i FK sitt fellesskap. Den einskapen som vi er kalla til for evangeliets skuld (Joh. 17, 21), forutset at vi i utgangspunktet ber med oss inn eit mangfald, eit mangfald som speglar det Gud har lagt ned i oss. Det er avgjerande for at FK skal lykkast at vi opnar oss for kvarandre i dette mangfaldet, samtidig som vi respekterer kvarandre i ulike vektleggingar og tradisjonar.

Sjølve kjernepunktet i bygginga av fornyande fellesskap er ei danning av regionale, pastorale grupper. ‘Pastorale’ uttrykker ikkje her at dei må vere for prestar men at dei skal fungere pastoralt – personleg og åndeleg fødande og retteleiande – for dei som blir med. Vekta vil ligge på fellesskap i bøn og forbøn, hjelp til å bruke dei åndelege disiplinane og fordjupe seg i trua sine kjelder, teologisk påfyll og samtale, deling om tenesta og med det høve til å få gode råd og avgjerande støtte.

Vi har tru på mange fellesskap som samlast jamleg rundt om framfor stor vekt på nasjonale samlingar, som nødvendigvis ikkje kan vere så ofte. Dette er refleksjonar og arbeid som også er gjort i Evangelisk luthersk nettverk (ELN) og som vi derfor bør jobbe saman om vidare. Kanskje blir dette eit område framover der det blir ein variasjon utover i landet. Nokre plassar vil det vere mest naturleg at slike pastorale grupper berre samlar innanfor Dnk, men eg trur at det er enda fleire plassar der det vil vere naturleg for teneste og fellesskap at prestar, pastorar og leiarar frå ulike lutherske samanhengar kan kome saman og bygge fellesskap, nokre plassar jamvel utover dei lutherske samanhengane. ELN tok i 2016 initiativ til ein slik breiare samtale med Norme-fellesskapet.

ELN, det større fellesskapet som FK ønsker å vere ein del av, har dei par siste åra også jobba med å bygge fellesskap med store lutherske kyrkjer og nettverk internasjonalt. Dette gjeld ikkje minst dei raskt veksande kyrkjene i Etiopia og Tanzania med snart 15 millionar medlemmer. Sentralt i det fellesskapet som blir bygd, står også dei amerikanske kyrkjene som er blitt til etter brotet med ELCA i 2009, North American Lutheran Church og Lutheran Churchs in Mission for Christ. Dei omfattar over tusen lokale kyrkjer med rundt ein million menneske. Vi, saman med andre lutherske kristne i Europa, treng inspirasjonen til frimod for evangeliet frå desse og andre, særleg i det globale sør.

Då ELN hausten 2015 kalla saman til eit nasjonalt leiarmøte der fleire av dykk var med, var inngangsordet henta frå Salme 33. Eg vil avslutte med det her i dag. «Lat di miskunn vere over oss, Herre! Det er deg vi ventar på.» Kanskje ser vi i FK ein bit av Guds eige svar på den bøna som vi bad den gongen. Det får tida vise.

Samtidig må vi minnast på dette, vi som reagerer på at Den norske kyrkja no vil velsigne det som Guds ord forbyr: Der finns ikkje eit «vi» som ikkje er avhengig av Guds miskunn, av Guds nåde. I ein kampsituasjon, og særleg når vi definerer den i åndelege kategoriar, må kvar av oss – og vi som fellesskap – gå den ekstra runden med oss sjølve. Vi kan be våre Kyrie eleison og tenke på kyrkja, og mange av oss gjer ofte det – med rette. Innfor Gud og i vårt fellesskap treng vi likevel alle å be våre Kyrie eleison – for oss sjølve.

Vi kan ikkje gi opp sanninga, men vi må alltid fremje sanninga i kjærleik; kjærleik til Gud og hans ord, slik første delen av det bibelske kjærleiksbodet omhandlar, men og kjærleik til alle menneske, slik nestekjærleiksbodet seier. Desse skal aldri spelast ut mot kvarandre men haldast saman.

Om vi meiner at kyrkja sviktar den første delen av det doble kjærleiksbodet, må vi minnast på den andre delen, slik at vi ikkje hamnar i kald moralisme som ikkje ser dei menneska som vi skulle identifisere oss med og som slik mistar det evangeliet vi lever av. «Gud, ver meg syndar nådig,» er ei bøn vi aldri kan bli ferdig med, kvar med våre kampar mot synda. Står vi i eit personleg rett forhold til den, i kraft av Jesu død for oss, kan vi betre møte alle andre som kjempar sine kampar med synda. «Lat di miskunn vere over oss, Herre! Det er deg vi ventar på.»

Rolf Kjøde, leder for det avtroppende interimsstyret for Frimodig kirke.
20.03.2017